Vi har bytt namn till Adlibris Campus! Campusbokhandeln ❤️ Adlibris - Läs mer här

Logga in
Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag | 1:a upplagan

Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag | 1:a upplagan

Från
346
kr

Finns i lager i Örebro.

Beskrivning

Skriftleg kommunikasjon er blitt ein nøkkelkompetanse i dagens samfunn. Det blir skrive meir enn nokon gong før, både fagleg og privat, i utdanning og arbeidsliv. Vi sender e-post og SMS, skriv instruksjonar og rapportar, deltar i nettdiskusjonar og chat-grupper - for å nemna noko. Samstundes har mange av dei muligheitene som ligg i skrift til å lagra, sortera, vurdera og vidareutvikla kunnskap, ført til at skriving framstår som ein vesentleg kunnskapsstrategi og innovasjonsstrategi. Skriving er blitt viktig i alle fag - og i dei aller fleste arbeidssituasjonar. Skriving har altså fått ein sterk oppsving - og det har skjedd fort. Denne boka presenterer ei rekkje artiklar som alle kretsar kring utfordringar knytt til skriveopplæring og skriveforsking i dag. Artiklane drøftar mellom anna følgjande tema: kva kunnskap har vi faktisk om barn og unges skriveutvikling i dag? Korleis skjer eigentleg utviklinga? kva inneber eit literacy-begrep tilpassa vår tid? nettsamtalar og utvikling av digital skrivekompetanse. korleis nyttar barn skriving i læringa si i ulike fag? kven er risikoskrivarane i skolen - dei som skriv utan. sikkerheitsnett? kva skrivedidaktiske utfordringar har vi framfor oss? Artiklane byggjer på presentasjonar på det nasjonale seminaret. "Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag", arrangert av Høgskolen i Sør-Trøndelag, Avdeling for lærar- og tolkeutdanning, i Trondheim i juni 2005. Bidragsytarane er alle sentrale aktørar innanfor skriveforskingsmiljøet i Noreg.

Produktinformation

Bandtyp:
Häftad
Språk:
Norska (Bokmål)
Upplaga:
1
Utgiven:
2007-09-29
ISBN:
9788251921688
Sidantal:
115

Används bl.a. i följande kurser

Sök

Varukorg

Din varukorg är tom
Köp Sälj Sök Meny